Hopp til hovedinnhold
De tre bukkene Bruse.jpg

Nedanfor kan du sjå eit fint eksempel på korleis elevane i 2BUAA løyste ei av oppgåvene dei hadde i haust.

Oppgåva handla om å dramatisere eit eventyr berekna på 4-åringar. Elevane skulle bruke materiell i form av dokker, naturmateriale, modellkitt, måling og anna, for å formidle eventyret. Undervegs skulle dei svare på korleis dei kunne bruke filmen for å fremme motivasjon, glede og meistring hos barna. Elevane skulle også utdype og reflektere over korleis dei kunne bruke filmen til å kommunisere, og korleis dei kunne bearbeide han med barna i etterkant.