Hopp til hovedinnhold

Elevrådet

Elevrådet er ei engasjert gruppe elevar som arbeider for at Slåtthaug vgs. skal vere ein bra skule å gå på.

Medlemmene i elevrådet jobbar gjennom heile skuleåret for godt miljø, trivsel og betre læringsvilkår. Blant anna har styret faste møte med rektor.
For at dei skal få ein god start, arrangerer skulen kvar haust ein halv dags konferanse for elevrådet, med temaet Kva er ein god skule?

Aktuelle saker i elevrådet

Elevrådet tek opp saker på vegner av alle elevane, på mange ulike område.

Nokre eksempel frå dei siste åra:

  • Elevrådet har jobba med (og fått gjennomslag for) endringar på menyen i kantina og fått inn fleire sunne alternativ som salat og smoothie.
  • Dei har stått på for å skaffe fleire sittegrupper ute mellom bygga for å skape trivsel.
  • Ei anna viktig sak for elevrådet er at skulen skal ha gratis bind og tampongar på jentetoaletta. 

Samansetting

Elevrådet på skulen består av alle dei tillitsvalde, ein frå kvar klasse. Av dei blir åtte representantar valde til elevrådsstyret. Leiar og nestleiar skuleåret 2023-24 er:

Bernardo Sizifredo De Sousa i 2TMFa – elevrådsleiar
Stian Barclay De Tolly Hammer i 3PBYa – nestleiar

Alle utanom leiaren byter på å vere sekretær.