Helse- og oppvekstfag er ei yrkesfagleg utdanning og er for deg som er omsorgsfull og liker å samhandle med andre. Etter 2 år på skule kan du gå ut i lære. Du kan også ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.
Ønsker du ein meningsfull arbeidsdag der du jobbar med menneske?
Då bør du velje helse- og oppvekstfag på Slåtthaug vgs!
Du er nytenkande og kreativ.
Du har vilje til samarbeid, er fleksibel og jobber sjølvstendig.
Positiv og inkluderande atferd er viktige eigenskapar hos deg.
Hovudet, hjartet og dei gode hendene dine, er med i arbeidet ditt.
Du er omsorgsfull, ansvarsfull og serviceinnstilt.
+
-
Se større bilde
+
-
Se større bilde
+
-
Se større bilde
Bruk piltastene til å bla i bildene
Vg1 helse- og oppvekstfag (HSF01‑03)
Det første året er felles for alle som vel helse- og oppvekstfag, og du lærer om ulike yrke du kan utdanne deg til. Helse- og oppvekstfaga gir kunnskap om helsefremmande arbeid, livsstilssjukdommar, arbeidsmiljø og kommunikasjon med menneske i alle livsfasar og situasjonar.
I fordjupingsfaget YFF får du prøve ut ulike yrke innan utdanningsprogrammet. Faget vil hjelpe deg til å velje kva retning du skal gå neste år. Vi har mange samarbeidspartnarar, og hos oss får du fire veker praksis i bedrift i løpet av året.
I tillegg til programfaga, vil du ha engelsk, kroppsøving, naturfag og matematikk som fellesfag.
+
-
Se større bilde
+
-
Se større bilde
+
-
Se større bilde
Bruk piltastene til å bla i bildene
Vg2 barne- og ungdomsarbeidarfag (BUA02-03)
Som barne- og ungdomsarbeidar får du ein aktiv og meiningsfylt jobb. På vg2 barne- og ungdomsarbeidarfag lærer du mellom anna å legge til rette for og gjennomføre pedagogiske tilbod for barn i alderen 0–18 år. Du utviklar evnene dine til kommunikasjon og samhandling. Vidare lærer du å fremme fellesskap og samhald i eit miljø prega av leik, utforsking og læring.
Som barne- og ungdomsarbeidar kan du blant anna få arbeid i barnehagar, barneparkar, skular, skulefritidsordningar, klubbar og kommunale etatar.
Høyr kva elevar og lærarar seier om vg2 barne- og ungdomsarbeidarfag, og sjå glimt frå skulekvardagen, i videoen nedanfor.
Vg2 helsearbeidarfag (HEA02-04)
Som helsefagarbeidar jobbar du i nær kontakt med menneske. Oppgåvene dine vil mellom anna vere å drive miljøarbeid og å gi omsorg og praktisk pleie til menneske som treng det. Du utviklar empati og evna til samspel med menneske som har ulike hjelpebehov.
Helsefagarbeidaren arbeider i spesialisthelsetenesta, i psykisk helsevern på alle nivå og i institusjonar og varierte omsorgs- og behandlingstilbod i både kommunal og privat sektor.
I videoen nedanfor får du vite meir om vg2 helsearbeidarfag, rett frå dei som driv med det til dagleg.
Etter vg2 barne- og ungdomsarbeidar kan du søke læreplass i barne- og ungdomsarbeidarfaget, etter vg2 helsearbeidarfag kan du velje mellom helsearbeidarfaget og portørfaget. Læretida er på to år. Sjå meir om alternativa på vilbli.no