MVGS er eit skulemeisterskap i volleyball som Norges volleyballforbund arrangerer kvart år. Torsdag 14. november var det tid for fylkesfinale for Hordaland i Haukelandshallen.
Slåtthaug vgs. stilte med fire lag i turneringa - to lag i Gutter-klassen og to lag i Mix-klassen. Alle laga gjorde ein strålande innsats, og viste både idrettsglede og godt samhald.
Perfekt turnering
Best gjekk det for Slåtthaug sitt lag Mix B som hadde ei perfekt turnering, der dei ikkje tapte eit einaste sett på vegen mot finale - og til slutt siger - som vinnarar av Mix-klassen i 2024.
På vegen til finalen vann dei mot Metis vgs. 1IDR1 og Fusa vgs. i gruppespelet, før dei slo Danielsen Mix 2 i kvartfinalen. I semifinalen stod Åsane vgs. Mix for tur, og også her sigra våre folk.
I finalen møtte dei Fusa vgs. på nytt, og igjen blei det ein strålande siger til laget vårt. Slåtthaug vgs. Mix B tok med seg pokalen heim og, ikkje minst, dei kvalifiserte seg til landsfinalen i Kristiansand i 2025!
Les meir om MVGS og landsfinalen på volleyball.no/mvgs.
Vinnarlaget
Slåtthaug vgs. Mix B består av elevar frå B-klassen på vg4 påbygging til generell studiekompetanse pluss ein elev frå vg1 helse- og oppvekstfag.
Vi gratulerer!
(Tekst og foto: Jan Fredrik Oddekalv)