Hopp til hovedinnhold

Gratis vaksine mot hjernehinnebetennelse

Ei gruppe glade ungdommar, tett saman

Er du elev på Slåtthaug vgs.? Då kan du få gratis vaksine mot hjernehinnebetennelse. NB! Du må bestille vaksinen innan 21. februar.

Informasjon om tilbodet

Her kan du lese Bergen kommune sitt informasjonsbrev om tilbodet: Informasjon til elevar om meningokokkvaksinering 2024.

På nettsida til Folkehelseinstituttet finn du meir informasjon om meningokokksjukdom og vaksinasjon: Ungdom og vaksine mot smittsam hjernehinnebetennelse. Folkehelseinstituttet oppfordrar ungdom mellom 16 og 19 år til å vaksinere seg.

Har du fått vaksinen før?

Nimenrix, vaksinen vi har brukt dei seinare åra, gir beskyttelse i ti år. Har du tatt denne før, treng du ikkje ny vaksine nå.

Til vg2/vg3-elevar: Viss du er usikker på om du fekk vaksinen på vg1, kan du sende ei tekstmelding til helsesjukepleiarane, så sjekkar dei. 

Slik bestiller du vaksinen

Fyll ut bestillingsskjemaet og lever det i ekspedisjonen ("kontoret") på A-bygget eller til ein av helsesjukepleiarane.
Frist: onsdag 21. februar. 

Gjennomføring

Du vil få nærare informasjon om når du skal vaksinerast. Det blir tidlegast i veke 11.