Vg2 automatisering (AUT02-03)
Du kan søke vg2 automatisering etter vg1 elektro og datateknologi eller etter vg1 teknologi- og industrifag.
Etter vg2-året har du mange alternativ og kan sikte mot fagbrev og jobb innanfor både prosessindustri, mekanisk industri og i bedrifter som bygger, reparerer og vedlikeheld automatiske prosessystem og maskinar.
Undervisninga er lagt opp som eit samspel mellom praktiske koplingsoppgåver og relevant teori. Vi monterer styre- og reguleringstekniske anlegg og skaffar oss inngåande kunnskap om desse.
I fordjupingsfaget YFF får du praksis i bedrift, to veker om hausten og to veker om våren.
Med eksamen frå vg2 automatisering kan du søke vidare til vg3 automatiseringsfaget, eller du kan søke læreplass innan blant anna fjernstyrte undervassoperasjonar (ROV) og tavlemontørfaget. Sjå meir under Vegen vidare nedanfor.
Vg2 elenergi og ekom (ELE02-03)
Programområdet Vg2 elenergi og ekom opnar vegen til ti ulike fagbrev, alt frå elektrikar til heismontør.
Undervisninga er lagt opp som eit samspel mellom praktiske installasjonsoppgåver og relevant elektroteori.
I fordjupingsfaget YFF får du praksis i bedrift, to veker om hausten og to veker om våren. Det gir deg ei fin moglegheit til å prøve ut fagområdet og dessutan ein glimrande sjanse til å vise deg fram. Vi har opplevd at engasjerte elevar kan få tilbod om læreplass i løpet av utplasseringstida.
Vg2 kulde-, varmepumpe- og ventilasjonsteknikk (KVV02‑01)
Dette vg2-tilbodet kan du velje viss du har fullført vg1 elektrofag eller vg1 teknologi- og industrifag.
Du får kompetanse i gode løysingar for inneklima, folkehelse, energieffektive installasjonar og prosesskjøling. Gjennom programfaga bygger du systemforståing og blir i stand til å gjere gode val av ventilasjons-, varmepumpe- og kuldeløysingar.
Som kvalifisert fagarbeidar kan du bygge, drifte og vidareutvikle ventilasjons-, varmepumpe- og kuldeanlegg som dekker behova i samfunnet vårt.