Trafikktryggleiksdagen er eit førebyggande tiltak for å auke kompetansen rundt åtferd i trafikken. Målet er å gi elevane forståing for farar og konsekvensar og å utvikle gode haldningar i trafikken.
Første gong hos oss
Tysdag var første gongen det blei arrangert ein slik dag hos oss på Slåtthaug vgs. Skulen fekk besøk av politiet, Trygg Trafikk, Statens vegvesen og NAF.
Foredrag og aktivitetar
Vg1-klassane på bygg- og anleggsteknikk, elektro og datateknologi og teknologi- og industrifag fekk besøke seks ulike postar gjennom dagen.
Dei ulike postane omfatta blant anna foredrag om lovverk, konsekvensar og farar. Vidare fekk elevane prøve «promillebriller» for å sjå effekten alkohol har på oss, samt ein «veltepetter» som viser kor viktig setebelte er i ein personbil. Dei fekk også moglegheit til å sjå korleis blindsonene er for ein lastebilsjåfør.
Pizza til quiz-vinnarane
Den siste posten på programmet var ein quiz i regi av elevtenesta på skulen, og den klassen som fekk flest riktige svar vil vinne ein pizzafest for heile klassen!
Takk til alle besøkande som villig stilte opp for å hjelpe til med å gjennomføre denne dagen.