Hopp til hovedinnhold

Julevolley

Glimt frå kampen mellom 4PByb og lærarane

Nest siste skuledag før jul på Slåtthaug? Finalar i volleyballcupen, sjølvsagt!

Som vanleg har vi hatt volleyballcup på skulen i haust, og i går var det vi komne fram til finalekampane. For dei som meiner jul handlar om tradisjonar, er det her midt i blinken. Det er visst ingen som heilt veit kva tid vi starta med dette, men det er MANGE år sidan.

Finalane

Bilde frå jentefinalen. Bildet viser det meste av banen, der spelarane er midt i ei ballveksling. I bakgrunnen ser vi publikum på tribunen.

Finalen på jentesida, mellom 2HEAb og 1HSb, blei spelt parallelt med gutefinalen mellom 4PBYb og 2TMFb. Det var gode kampar med høgt tempo, men til slutt var det ikkje tvil: både 1HSb og 4PBYb vann sine kampar i to strake sett.

Augeblinksbilde frå gutefinalen: Spelarane på begge sider speidar mot ballen høgt over nettet
Heiagjeng på tribunen - ei gruppe elevar held opp ark med namna til spelarane på 4PBYb-laget

Heder og ære (og premiar)

Vinnarane frå 1HSb poserer med medaljar og pokal
Laget frå 4PBYb poserer med medaljar og pokal

Og banens beste er ...

Spelarane som blei kåra til banens beste i dei to finalekampane, viser fram premiane sine.

Elevar versus lærarar

Augeblink frå kampen mellom 4PBYb og dei mannlege lærarane.

Deretter skulle lærarane prøve seg mot vinnarlaga. For mennene gjekk det som det måtte gå (og som det alltid går). Det blei tap, trass i godt spel frå lærarlaget. Det må seiast, motstandarane frå 4PBYb er kanskje det beste laget på skulen på mange år. Som ein lærar kommenterte: "Eg trur ikkje dei ga alt, heller ..."

Augeblink frå kampen mellom 1HSb og dei kvinnelege lærarane.

På kvinnesida gjekk det litt betre, sett frå ein lærarståstad. Kampen blei svært jamn og det måtte eit tredje sett til, men til slutt drog lærarlaget sigeren i land.

To menn sit ved eit bord med maskinen som styrer poengtavlene.
Publikum på tribunen i Fana Arena