Store delar av våren har 1BAa bytta ut jobbing i verkstaden på skulen med garasjebygging for ein privat oppdragsgivar.

Dette må vi kunne kalle ein "vinn-vinn-situasjon". Elevane har fått prøve seg på eit reelt byggeprosjekt, og eigaren har fått ein fin garasje utan andre utgifter enn til material og litt pizza.

Klassen starta arbeidet i veke 11 med å støype sokkelen, og etter det har dei vore på byggeplassen kvar veke i staden for på verkstaden. 1HTa har også bidrege med fint arbeid innvendig i garasjen.
Fredag 17. juni var siste dagen på byggeplassen. Det blei sjølvsagt markert med pizza etterpå. Kontaktlærar Linda rapporterer at elevane har kost seg med prosjektet.
Nedanfor kan du sjå bilder frå heile prosessen.













