På Slåtthaug vgs. er vi så heldige å ha god tilgang til helsesjukepleiarar. Dei kan også formidle kontakt med psykolog.
Helsesjukepleiarane
Hei! Vi heiter Trude Vie Ytrearne og Kristine Bernard og er helsesjukepleiarar her på Slåtthaug vgs.
Kva gjer vi?
Oppgåva vår er å vere til stades for DEG.
Kanskje du treng råd, treng å bli lytta til, ønsker rettleiing, treng å ta ein klamydiatest, har opplevd noko vondt eller fått ei flis i fingeren? Kanskje du treng eller ønsker kontakt med andre instansar? Inga sak er for liten. Løysingane ligg der - vi finn dei saman.
Vi har teieplikt.
Kontakt oss
Du kan sjølv komme på døra til oss – i C-bygget i andre etasjen, med inngang frå kantina.
Eller du sende oss ein SMS eller e-post, dersom det er lettare for deg.
Telefon: 94 52 21 03 / 55 14 04 28
E-post: Trude.Ytrearne@bergen.kommune.no
Når?
Måndag til fredag, frå klokka 09.00 til 14.30. Du får dokumentert fråvær når du har vore hos ein av oss.
Velkommen! Ta kontakt, så slår vi av ein prat:)
Skulepsykolog
Skulehelsetenesta kan også hjelpe deg med å få time hos psykolog.
Kva kan psykologen hjelpe med?
Her er nokre eksempel på kva elevar snakkar med psykologen om:
- å vere redd for å snakke framfor andre eller andre ting ein ikkje tør
- å vere lei seg og ha lite energi
- å vere sint
- å føle seg einsam
- å streve med rus
- å ha opplevd vanskelege ting i livet
Psykologen har teieplikt.
Timeavtale
Du kan få time hos psykologen via helsesjukepleiarane Trude og Kristine eller rådgivarane på skulen. Det skal vere kort ventetid og du kan ha mellom fem og ti timar.