Opplever du at fridommen din er avgrensa? Lever du eit dobbeltliv? Er det vanskeleg å handtere alle forventningane du møter på skulen og heime?
Alle har rett til å bestemme over eige liv
Mangfaldsrådgivarane frå IMDi jobbar for at unge menneske skal ha moglegheit til å bestemme over eigne liv. Uansett opphavsland, etnisitet, religion, kjønn eller seksuell legning har alle som er i Noreg rett til å leve eit fritt liv og krav på beskyttelse mot negativ sosial kontroll, tvangsekteskap, kjønnslemlesting og andre former for vald.
Alle har rett til å vere seg sjølv og til å fritt kunne velje venner, klede, kjærast, yrke, religion, politisk tilhøyrsel, seksuell legning og ektefelle. Når unge opplever så sterk kontroll at det bryt med retten deira til frie liv, blir det kalla negativ sosial kontroll.
Snakk med mangfaldsrådgivaren
IMDi sine mangfaldsrådgivarar har teieplikt. Hos oss kan du prate om det du tenker på. Vi lyttar og kan gi deg råd og hjelp.
Mangfoldsrådgivarane kan gi deg informasjon om kva for rettar du har, og du kan også snakke om rasisme og diskriminering.
Kontakt mangfoldsrådgivaren på skulen dersom du eller ein venn
- ikkje får lov til å ta valg som er vanlege for din alder og modenskap
- har strenge grenser hjemme
- opplever sterkt sosialt press og høge forventningar
- lever eit dobbeltliv
- mistrivast på skulen grunna negativ sosial kontroll
- synest det er utfordrande å leve med fleire kulturar samtidig
- er bekymra for ei reise til utlandet
- er redd for å bli forlova eller gifta bort
- fryktar og/eller opplever vald, truslar eller tvang
- har spørsmål om kjønns- og seksualitetsmangfald, rasisme eller diskriminering
I tillegg til å jobbe direkte med ungdom, tilbyr mangfoldsrådgivarane rettleiing og kompetanseheving til hjelpeapparatet og tilsette i skulen.
Her kan du lese meir om ungdom og negativ sosial kontroll: Nora | IMDi
Ta kontakt
Eg heiter Ane, er mangfaldsrådgivar og har kontor i andre etasje på C-bygget – rett vis-a-vis helsesjukepleiarane.
Eg er her på skulen kvar dag - frå mandag til fredag.
Du kan oppsøke meg på kontoret mitt, sende SMS, ringe eller sende e-post, eg svarer i alle kanalar. Velkommen innom!