Elevtenesta på Slåtthaug skal støtte og hjelpe deg slik at du får ei god tid som elev her på skulen.
Hei alle elevar på Slåtthaug vgs!
Her på Slåtthaug har vi ei eiga avdeling som heiter Elevtenesta. Å støtte og hjelpe deg slik at du har ei god tid som elev her på skulen, er i fokus for alle oss som jobbar i denne avdelinga.
Kapittel 12 i Opplæringslova seier at alle elevar i grunnskular og vidaregåande skular har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, inkludering, trivsel og læring. Elevtenesta har eit særleg oppdrag med å jobbe for at elevane skal få denne retten oppfylt.
Kva kan vi hjelpe med?
Treng du nokon å snakke med? Treng du studierettleiing? Treng du hjelp til å søke om stipend? Har du behov for tilrettelagd eksamen, eller vil du søke om spesialundervisning? Dette er berre nokre av tinga vi kan hjelpe til med. Avdelinga driv også biblioteket og står for skulefrukosten.
Ei viktig oppgåve for Elevtenesta er å arbeide førebyggande på område som mobbing, rus, psykisk helse og fråvær.
Av og til kan det vere slik at du treng hjelp frå andre instansar som pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), Oppfølgingstenesta (OT), barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), NAV, barnevern eller politi. Vi kan hjelpe deg med å få kontakt med desse og samarbeider tett med alle tenestene.
Kven er vi?
Du kan lese meir om kven vi er og kva vi gjer nedanfor.
Avdelingsleiar
Hei!
Eg heiter Elisabeth Mjelde. Som leiar for elevtenesta skal eg sjå til at du som elev får støtte frå dei som kan hjelpe deg best.
Elisabeth Mjelde
avdelingsleiarRådgivarane
Vi har tre rådgivarar her på skulen: Elisabeth, Leif Arne og Magnhild. Dei hjelper deg med spørsmål du har om utdanninga di, vidare planar og med å søke om tilrettelegging for deg på skulen. Rådgivarane jobbar tett med heile "laget rundt eleven".
Les meir om rådgivarane og om korleis du kan kontakte dei
Miljøkoordinator
Jan Fredrik er spesielt opptatt av trivsel og førebyggande arbeid. Han har kontor på C‐bygget, men der er han ikkje så ofte. Han er så mykje som mogleg ute der det skjer.
Har du det ikkje heilt greitt ein dag, er du bekymra for ein venn, synes du det er vanskeleg å ta kontakt med andre elevar, eller er du usikker på kven du skal snakke med om noko du lurer på? Ta kontakt med miljøkoordinatoren. Han kan prate med deg eller sette deg i kontakt med dei som kan hjelpe deg best.
Miljøkoordinatoren set også i sving ulike sosiale tiltak gjennom skuleåret og er pådrivar for elevengasjement og innsats.
Jan Fredrik Aareskjold Oddekalv
spesialmiljørettleiarNB! Føresette er hjarteleg velkomne til å ta kontakt om dei lurer på noko eller treng å diskutere ei sak.
Miljøfagarbeidarane
Miljøfagarbeidarane har ei rekke ulike arbeidsoppgåver, men aller mest tid bruker dei nok på følge opp elevar. Dei arbeider med både klassar og enkeltelevar som treng ekstra hjelp og støtte i ulike fag.
Du treffer dei også ofte ute i friminutta.
Kven gjer kva?
Oppgåvene til miljøfagarbeidarane varierer etter kor behova er størst. Nokre eksempel:
Benjamin gir hjelp og støtte i engelsk. I tillegg er han ansvarleg for tilbodet om frukost på skulen.
Fredrik jobbar mest med å gi hjelp og støtte i programfag byggfag.
Joachim hjelper til både i klasserommet og på verkstedet, der han trengst mest.
Renate har hovudansvaret for biblioteket. Ho er også med i timar på HO der det er bruk for ekstra oppfølging.
Tor Kristian har største delen av arbeidet sitt knytt til hjelp og støtte i verkstaden på byggfag. Han er også med på skulefrokosten.
Usman er inne i dei fleste klassane på vg1 og vg3. Der gir han hovedsakeleg ekstra hjelp og støtte i matematikk. Dessutan driv han leksehjelpa i matematikk og er med på skulefrukosten.
Benjamin Rye
miljøarbeidarFredrik Mørk Frotvedt
undervisningsstillingJoachim Finnøy Naas
undervisningsstillingRenate Morvik Vikingstad
bibliotekansvarlig | miljøfagarbeidarTor Kristian Stabell Engum
miljøarbeidarUsman Munir
miljøarbeidarSpesialpedagog
Magnhild Vik Thomassen er spesialpedagog og jobbar med å følge opp elevar med rett til spesialundervisning. Ho arbeider òg med å støtte elevar som treng særskild norskopplæring.